Sundegarden
Eigedom AS
Sundegarden
Eigedom AS er holdingselskap og eigar av ulike bustadeigedomar
og næringseigedomar som vert leigd ut til leigetakarar
på løpande og lange leigeavtalar. Selskapet har
og ein portefølje av børsnoterte og ikkje noterte
verdipapir. Sundegarden Eigedom AS er heileigd av Ove Lemicka
og har kontor på Sunde i Kvinnherad kommune. Sjå
kart.
Sunde Prosjektutvikling AS
Sunde
Prosjektutvikling AS er eit dotterselskap av Sundegarden
Eigedom AS. Selskapet har som målsetting å prosjektera
og byggja bustader, der pris og kvalitet skal væra i
fokus. Hovudproduktet er vertikaldelte to-manns bustader bygd
på einskildtomter i eksisterande felt/bustadområde.
Sunde
Prosjektutvikling har sitt primærområde i Kvinnherad
kommune og kommunane i Sunnhordland, men har og gjennomført
prosjekt t.d. i Bergen.
Sundegarden Invest AS
Sundegarden
Invest AS er eit heileigd dotterselskap av Sundegarden Eigedom
AS som foretar investeringar i ulike bustadprosjekt m.m. P.t.
har Sundegarden Invest 2 eigedomar for sal i Bergen.
Herøysundet
Bustadutleige AS
Herøysundet
Bustadutleige AS er eit heileigd dotterselskap av Sundegarden
Eigedom AS som eig 8 husvære i Herøysundet i
Kvinnherad kommune. Alle desse bustadane er utleigde på
ein langsiktig avtale med Kvinnherad kommune.
|